Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

ASK-kurs i Bergen

1. oktober 2014, 09:00 - 2. oktober 2014, 15:30

kr600,

Statped vest inviterer til dagskurs og workshop i Alternativ og Supplerande Kommunikasjon (ASK). På dag 1 vil det gjennomførast to parallelle kurs;

  • eit innføringskurs med fokus på mellom anna grunnleggande kommunikasjon, ASK og etablering av språkmiljø
  • eit kurs retta mot fagpersonar i PP-tenesta med tema som kartlegging og sakkyndig vurdering.

På dag 2 vil vi ha workshop`ar der vi set opp ulike tema som ein kan melde seg på. Du kan melde deg på begge dagar eller velje den dagen som er mest aktuell for deg.

Målgruppe

Foreldre/føresette, familie/pårørande, rådgjevarar og spesialpedagogar i PPT, styrarar i barnehagar, skuleleiarar, pedagogar, spesialpedagogar, assistentar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, miljøterapeutar og andre som arbeider med ASK-brukarar

Arrangør

Statped vest, fagavdeling sammensatte lærevanskar og erverva hjerneskade

Pris

600 kroner pr dag, enkel lunsj er inkludert.

Kontaktinformasjon

Kontaktperson: Anne-Merete Kleppenes

Kontakt Kari E. Laberg, e-post: Kari.E.Laberg@statped.no, eller Anne-Merete Kleppenes, e-post: Anne-Merete.Kleppenes@statped.no.

Påmelding

Påmelding begge dager Påmelding onsdag 1. oktober Påmelding torsdag 2. oktober

Påmelding er bindande og påmelde får tilsendt faktura etter kurset.

Sjå elles: Generell informasjon og vilkår.

Onsdag 1. oktober 2014 – to parallelle kurs

 

Dag 1

Vi vil ha ei utstilling av ulike kommunikasjonshjelpemiddel gjennom heile dag 1, slik at deltakarane får høve til å prøve ut, eller få meir informasjon om dei ulike hjelpemidla.

Torsdag 2. oktober 2014 – Workshop

På dag to vil vi jobbe med ulike workshop`ar. Kursdeltakarane rekk å vere med på to workshops i løpet av dagen. Alle tema/ som skal vere med er enno ikkje klare, men aktuelle tema er produksjon av samtaleplansjar, bruk av kommunikasjonsbøker, bruk av PECS, Pegasus og bruk av tekniske kommunikasjonshjelpemiddel.

Du kan melde deg på til dag 2 (torsdag 2. oktober) no. Etter 26. august er tema for workshopane klar og du får ein oversikt tilsendt på e-post.

Fagpersonar frå Statped vest vil vere faglege gruppeleiarar i dei ulike workshopane.

Detaljer

Start:
1. oktober 2014, 09:00
Slutt:
2. oktober 2014, 15:30
Kostnad:
kr600,
Kategori for Arrangement:

Arrangør

Statped vest
Hjemmeside:
http://www.statped.no/Regioner/Statped-vest/

Sted

Statped Vest, Kurssenter
Sandbrekkevegen 27
Bergen, Norge
+ Google-kart